I år er det faktisk eit personleg jubileum for Bente Andreassen Pilskog. Det er tjue år sidan 48-åringen busette seg på Sunnmøre.

Bente er nordlandspatriot på sin hals, og vaks opp i bygda Hognfjord, like utanfor Sortland i Vesterålen, som nest yngst i ein søskenflokk på seks.

– Eg skulle jo aldri flytte derifrå, men no er eg den einaste som ikkje bur der, seier Bente og smiler.

– Eg brukar å seie at eg har ein ulækjeleg heimlengsel til Nord-Norge. Og difor legg eg kvar sommarferie opp dit. Vi har eit sommarhus i heimbygda Hognfjord som vi har renovert, og der har vi vore kvar sommarferie sidan yngstejenta Sigrid blei fødd. 12 somrar i paradis, seier Bente Andreassen Pilskog.

– Likar mykje folk rundt meg

Å vekse opp i ein søskenflokk på seks har vore givande for Bente.

– Det har jo forma meg. Eg er ein person som likar å ha mykje folk rundt meg, eg er veldig sosial. Noko av det kjekkaste eg veit er å bringe folk saman, seier ho og legg til:

– Det harmonerer også godt med yrkesvala eg har gjort. Eg likar å jobbe med menneske.

Og det er nettopp menneske Bente får mykje med å gjere, også i sin nye jobb, som kyrkjeverje i Hareid Sokn. Vikebladet Vestposten møtte Andreassen Pilskog i Hareid kyrkje torsdag, der ho reflekterte kring sitt nye arbeid, og korleis vegen har vore dit.

– Det å jobbe som kyrkjeverje er ei administrativ rolle. Eg har personalansvar og økonomiansvar. Men eg skal også forvalte denne flotte kyrkja og kyrkjegarden. I tillegg er det viktig å føre ein god dialog med kommunen. Så ein kan verkeleg seie at eg får nytta mange sider av meg sjølv, seier Bente.

Allsidig bakgrunn – «livets skule»

Ho har gjennom eit innhaldsrikt og spanande arbeidsliv tileigna seg eigenskapar og kunnskapar ho ikkje ville hatt om ikkje ho hadde gått den vegen ho gjorde.

– Eg har gått «livets skule», og hatt mange dyktige folk rundt meg, som eg har rådført meg med. Eg har blitt inkludert, involvert og fått svar på det eg har lurt på. No har eg 18 år med administrativ og kommunikativ bakgrunn frå den maritime næringa, i tillegg til god erfaring frå Ulstein Sokn, og eg ser fram til å få vere med på å leie Hareid Sokn vidare framover, seier ho.

Til Bergen - og vidare til Sunnmøre

Bergen var første stoppestad for Bente etter oppveksten i Vesterålen. Dit flytta ho med ein tidlegare kjærast, og jobba i ein salsorganisasjon innan fiskeri. Ferda gjekk i 1998 vidare til Ulsteinvik. Bente fekk seg jobb i kommunikasjonsavdelinga til det gamle Ulstein-konsernet.

– Arnfinn Ingjerd blei sjefen min, og eg kom inn i eit flott team med han og Lene Trude Solheim. Eg kom faktisk inn litt etter søknadsfristen var ute og sa eg ville jobbe der – og fekk jobben. Då byrja mi tid i arbeidslivet her i regionen, og i år kan eg altså faktisk feire eit aldri så lite 20-årsjubileum, seier Bente og flirer.

Frå det maritime til kyrkja

Bente var sekretær i kommunikasjonsavdelinga i Ulstein-konsernet, opplevde Vickers-oppkjøpet i 1999 og at Rolls-Royce like etter tok over. Etter ni år returnerte ho derimot til Ulstein-familien, men då til Ulstein Group.

– Der var eg også i ni år. Dei siste åra assisterte eg Tore (Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group), då han var NHO-president. Det baud på mange nye og ikkje minst kjekke utfordringar.

– Eg tenkjer faktisk av og til på alt eg fekk oppleve frå då eg var i det gamle Ulstein-konsernet og Idar Ulstein gjekk rundt i gangane, til eg fekk vere med på ferda til borna hans. Eg er veldig glad i Ulstein-familien, og veldig takksam for opplevingane eg fekk med dei. Det å få vere ein del av ein innovativ bransje, der det er mange konjunkturar, det har eg vakse på. Eg føler at eg har lagt litt av sjela mi igjen i jobbane eg har hatt, og vil nytte høvet til å takke alle dei gode rettleiarane eg har hatt her på Sunnmøre desse 20 åra. Det har gjort meg til den eg er i dag.

Bente sa opp stillinga si i Ulstein Group for to år sidan, og byrja i staden i Ulstein Sokn, mest av alt på grunn av meir usikre tider i den maritime bransjen. Stillinga som kyrkjeverje i Hareid Sokn hadde Bente eigentleg ikkje tenkt å søkje på, då ho treivst godt i dei nesten to åra ho var kyrkjelydssekretær i Ulstein Sokn.

– Men etter nokre rundar med meg sjølv fann eg ut at eg ville søkje. Eg fekk komme på intervju, og fekk sjansen. Eg er snart 50 år, og tenkte at eg måtte gripe denne sjansen no. Det har eg verkeleg ikkje angra på. Her får eg nytte erfaringa mi med kommunikasjon, og eg får vise fram det gode arbeidet som blir gjort i Hareid Sokn.

Bente har også blitt med i arbeidsgruppa som arrangerer Opplev Hareid.

– Eg er oppteken av å fremje denne flotte plassen vi bur på, og bringe saman folk. Det gjer vi med Opplev Hareid, seier Bente Andreassen Pilskog, som avslutningsvis vil takke hennar aller viktigaste støttespelar.

– Mannen min Rune, han er heilt super. Utan han hadde eg ikkje makta å gjere det eg har gjort. Han er ein fantastisk mann og far.

Bente, Selma, Sigrid og Rune på ferja mellom Lødingen og Bognes, på veg heim til Hareid frå Vesterålen i fjor sommar. Foto: Privat.
Ein av Bente sine favorittfjelltoppar. «Ein vegvisar, robust og mektig», som ho seier sjølv. – Vi har så mange moglegheiter her ute til å nyte skaparverket, seier ho. Foto: Privat.
Her er Bente (midten bak) og lagvenninnene hennar på juniorlaget til IL Holmgang, frå heimbygda til Bente, Hognfjord, på Gothia Cup i 1988. Magnar Solhaug var ein fantastisk trenar og ein bidragsytar i bygda av dimensjonar, minnest Bente. Ho har også spelt for Hareid og er no trenar saman med tre andre, for Hareid IL sitt jente 14-lag. Foto: Privat.
Her er Bente og søstera Liss May (t.v.) på Urtind i Vesterålen, ein fjelltopp rett ovanfor sommarhuset i nord. Foto: Privat.