På slutten av 1800-talet var det mange nordmenn, kanskje så mange som 800.000 personar, som emigrerte til USA. Blant desse var Judy Mork Kjelstad sin bestefar, Severin Mork.

– Det er verkeleg flott å vere her på Hareid. Forfedrane mine kjem frå ein nydeleg stad. Dette er så utruleg stort for meg, seier Judy, tydeleg prega av stor glede.

Severin vart fødd i 1870, og var son av Sivert «Morkasyver» Mork og Marie Hatløy. Sivert kom frå Ørsta/Volda og slektene Heltne, Fagerhol og Vassbotn, medan Marie var frå Hatløya i Ulstein.

Sivert og Marie var faktisk to år i USA med sonen Severin, men reiste så heim igjen til Hareid og budde der resten av livet, i Finsgarden.

Fekk kontakt heilt tilfeldig

Det var ein fin velkomstkomité som tok i mot Judy og ektemannen Matt. Robert Skeide, som er oldebarn av Regine Mork, søstera til Severin, var éin av dei.

– Det er veldig kjekt at Judy får sjå heimstaden til forfedrane sine. Vi skal ta dei med rundt til ulike stader her på øya, og vise dei området vårt, seier Robert Skeide.

Det litt artige med denne historia er at møtet truleg ikkje hadde kome i stand – i alle fall ikkje på denne dagen, hadde ikkje Robert kika ekstra nøye gjennom Facebook-meldingane sine.

– Eg blei kontakta av ei dame i Sykkylven, som er ein fjern slektning av Matt, mannen til Judy. Ho hadde sendt ei privat melding til meg via Facebook, men den hadde eg ikkje sett før eit halvår seinare, fordi vi ikkje var vennar der, og fordi den ikkje blei synleg for meg før eg godkjente førespurnaden hennar. Det var jo litt dumt at det gjekk eit heilt halvår før eg fekk svart ho, men det blei til slutt, seier Robert Skeide smilande.

– Har nesten ikkje ord

Judy måtte ikkje leite lenge for å finne forfedrane sine på Hareid kyrkjegard, for slektningane hadde alt lokalisert dei. Med på rundturen på kyrkjegarden var nemnde Robert Skeide, Bjørg Karin Kvalsvik, Magne Svein Kvalsvik og hans kone Inger Mari. Først gjekk dei bort til grava til Laurits Hareide, som var storebror til Judy sin bestefar Severin, og som søskena Magne Svein og Bjørg Karin Kvalsvik er etterkomar av.

Så gjekk dei til grava til Sina Kvalsvik, dotter av Laurits, og bestemor til Magne Svein og Bjørg Karin.

– Eg har nesten ikkje ord. Det betyr mykje for meg å endeleg finne ut meir om min eigen slektskap. Mannen min Matt stammar frå Sykkylven, nærare bestemt den fråflytta strandgarden Bjørnevika ved Storfjorden, men mi slekt har eg ikkje mykje informasjon om – ikkje før no, sa Judy og tørka ein tåre frå augekroken.

Robert Skeide hadde sett saman ei oversikt til Judy, og las opp og forklarte for ho korleis det hang saman.

– Eg er så takksam for at eg får oppleve dette, seier Judy.

Ho og Matt gjekk av cruiseskipet MS «Prinsendam» i Ålesund. Dei gjekk på skipet i Amsterdam og skal ta det heilt til Nordkapp, før dei vender nedover mot Amsterdam igjen.

– Vi har vore i Norge fleire gonger tidlegare. Men aldri oppsøkt mi familie her. Eg har alltid hatt veldig lyst til å reise og finne slekta mi, og no er eg her. Det er nesten ikkje til å tru. Det er verkeleg ein gledas dag, og eg set stor pris på å få vere saman med slekta mi, sa Judy i det tårene trilla nedover kinnet.

Judy Mork Kjelstad og ektemannen Matt fekk endeleg møte Judy sine slektningar på Hareidlandet, og sjå gravene til forfedrane. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Judy passa på å få eit bilete av seg ved sidan av gravsteinen til Laurits Hareide, bror til hennar bestefar, Severin. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Judy og Matt fekk også sjå innsida av den flotte kyrkja på Hareid. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.