– Det var kjempekjekt! For medforfattar Lena (Berg) og meg var dette viktig heider til fagfeltet vår, som er norsk som andrespråk.

Det er onsdag morgon, klokka har så vidt bikka 08.00. Ei morgonfrisk Jannecke Hofset har nettopp teke imot Vikebladet Vestposten i lokala til Ålesund Voksenopplæringssenter, som held til i det som tidlegare var Nørvøy skole i Parkgata. Det har gått to veker sidan ho var på hagefesten til forlaget Aschehoug i Oslo for å ta imot William Nygaards legat 2018 for læreverket God i norsk.

– Lena og eg er dei første som har skrive om norsk som andrespråk, som får denne prisen. Vaksenopplæringa er ein gløymt skule i mange kommunar, den må ofte kjempe om både pengar og areal, seier ho.

Lokalavisa får ein halv time til rådvelde til intervju, før Hofset skal ha undervisning for klassa som tek norsk grunnskuleutdanning.

Fatta interesse for grammatikk

– Jada, eg reknar meg framleis som ulsteinvikar, seier ho, og utdjupar:

– Då eg var fire år, flytta eg og mamma, Kari Hofset, til Ulsteinvik. Og då eg skulle gå vidaregåande, valde eg Fagerlia her i Ålesund. Årsaka var at eg absolutt ville ha spansk og det hadde dei ikkje på Ulstein vidaregåande skule den tida, fortel ho.

Dei to første åra på vidaregåande pendla ho frå Ulsteinvik, men flytta på hybel då ho skulle gå det siste året.

– Rett etter vidaregåande tok eg tysk grunnfag på Møre og Romsdal Distriktshøgskule i Volda. Eg trur nok interessa for grammatikk for alvor dukka opp det året, eg var ein av få som faktisk likte setningsanalyse, ler ho.

Ho fekk så to born på rappen, i 1992 og 1993. Seinare vart det studiar også i engelsk og tysk ved sida av jobb og heim, og ho fekk dermed ei cand.mag.-grad. Etter at ho starta på Ålesund Voksenopplæringssenter i 1999 tok ho ei mastergrad i norsk som andrespråk. Og hjartet hennar ligg i grammatikkundervisning.

Kva er det med grammatikk som gjer at du synest det er spennande å jobbe med?

– Ved å varierer grammatikken, endrar du det du seier, grammatikken er med på å gjere språket interessant, seier ho engasjert.

– I undervisninga er vi opptekne av at deltakarane skal få ein setningsstruktur som er forståeleg. Grammatikken er ulik frå språk til språk, og når du skal lære eit nytt språk, då brukar du grammatikken frå morsmålet ditt i det nye språket. Det vi seier her, er at enkelte deltakarar tek alle orda, puttar dei i ei boks og så kastar dei orda tilfeldigvis utover- og så kan det fort bli litt rart. Det som er kjempeinteressant, er dette mellomspråket som deltakarane har på veg frå ikkje å kunne noko norsk til å bli ganske gode i norsk. Og grammatikken er altså avgjerande for kor godt dei lærer norsk, seier ho.

Hagearbeid og fjell

Læreverket God i norsk skal etter planen ha tre bøker. Den første kom i fjor vår og nummer to går i trykken i løpet av sommaren.

– God i norsk 1 er allereie ein del i bruk, sjølv om vi enno ikkje har selt så mange av den nynorske versjonen, fortel Jannecke Hofset.

Ho flytta frå Ulsteinvik då borna var 1 og 2 år gamle. Og etter fem år på Runde, der mannen slektar ifrå, flytta familien til Ålesund i 1999. Då starta ho også i jobb på Ålesund Voksenopplæringssenter.

– Då eg starta her, hadde eg ein filosofi om at fem år på ein arbeidsplass er nok, då treng ein noko nytt for å få utvikling. Men neste år har eg vore her i tjue år! Her er så mykje ulikt, vi har norsk for elevar som aldri har halde ein blyant og norsk for folk som har universitetsutdanning, seier ho.

47-åringen bur på Ellingsøya, på bygda i Ålesund, for «å henge på kjøpesenter, det er noko av det verste eg veit!». Ein bonde er næraste nabo, og på fritida elskar ho å drive med hagearbeid, gå på fjellet, køyre motorsykkel og å trene. Mannen hennar er akkurat ferdig utdanna fagskuleingeniør, og borna er vaksne. Også mor Kari har flytta frå Ulsteinvik, så det er ikkje så ofte Jannecke er på besøk i bygda der baug bryt båre.

– Men det er ulsteinvikar eg er, det er det eg svarer når folk spør kvar eg er ifrå. Og så er eg glad for at dei brukar boka mi i norskopplæringa der, seier ho.

Borna Amalie og Robin er fødde i 1992 og 1993. Familien har både budd på Runde, i Ulsteinvik, i Ålesund og på Ellingsøya. Foto: Privat.
Konserndirektør i Aschehoug, Mads Nygaard, delte ut prisen til Lena Berg og Jannecke Hofset. Foto: Nadia Frantsen.
Jannecke er gift med Sæmund Vattøy frå Herøy. Bildet er teke ein 17. mai. Foto: Privat.