Sesongen for norske bringebær er i gong og då må det til med kake-dessert av dei. Steikt ostekake med brunost, Kornmo-kjeks og bringebær er overraskande godt. Til og med for ei som brukte nærare 30 år for å lære seg å like brunost er dette skikkeleg godt. For ein er vel ikkje ekte nordmann før ein likar brunost?

Den litt skarpe og søtlege karamellsmaken brunosten gir er god saman med syrleg kremost og friske bringebær. Kaka har silkemjuk konsistens og smeltar på tunga, og akkurat i det du synest den søte smaken tek overhand treff du eit bringebær som gir ein syrleg kontrast. For å gjere det heile komplett kan du servere kaka saman med litt bringebær-coulis for å få det ekstra friskt.

Ingrediensar:

Kjeks-botn:

• 125 g Kornmo-kjeks

• 2 ss sukker

• 4 ss smør, smelta

• ¼ ts kardemomme, malt

Ostefyll:

• 200 g gudbrandsdalsost, høvla i tynne skiver

• 1 ½ dl fløte

• ½ vaniljestang

• 400 g kremost, naturell

• 225 g sukker

• 3 egg

• sitronsaft

• 100 g ferske bringebær

Pynt:

• 200-300 g ferske bringebær

Forvarm steikeomnen til 175 ºC og kle ei springform på 22 cm med bakepapir i botnen.

Ha kjeks, sukker og kardemomme i ein foodprocessor og kjør blandinga til små smular. Ha i smelta smør og kjør blandinga til alt er godt blanda. Trykk kjeksblandinga godt utover i springforma slik at du får eit jamt lag i botnen. Set midt i steikeomnen og forsteik botnen i ca. 10 minutt. Avkjøl forma på rist og skru ned omnstemperaturen til 150 ºC.

Skrap ut frøa frå vaniljestonga og ha både stong og frø i ein kjele saman med fløyten. Lat blandinga få eit forsiktig oppkok under omrøring. Ta ut stonga og trekk kjelen frå plata. Tilset brunosten i den varme fløyten og rør godt rundt med ein visp til all osten er smelta og du får ein litt tjuktflytande masse. Avkjøl litt.

Ha kremost og sukker i ei kjøkenmaskin og bland saman på lav hastigheit. Tilsett den lett avkjølte brunostblandinga og rør godt saman. Tilsett egga eitt om gongen og bland godt mellom kvart av dei. Til slutt smakar du til med litt sitronsaft og vender forsiktig inn heile bringebær utan å knuse dei. Hell røra forsiktig over kjeksbotnen og set midt i steikeomnen og lat steike i ca. 45 minutt. Mi kake fekk stå i omnen 5 minutt ekstra på ettervarmen før eg tok den ut, men vurder sjølv utifrå kor hardt din eigen omn steiker. Kaka skal disse i midten og vere fast på overflate og kantar når den er ferdig. Avkjøl heilt på kjøkenbenken før du set den i kjøleskap over natta eller til den har stivna.

Plasser ferske bringebær utover heile toppen av kaka før servering og nyt!

mat: Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt. Om spaltisten: Mari-Lene Korsnes har studert i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeider og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette på å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging! Foto: Privat