Forfattar og fotograf Trond J. Hansen har reist langs vestlandskysten og dokumentert sjøhus i ord og bilete i praktboka "Naust. Sjøhusene langs kysten". Han har vore inst i fjordarmane, på øyar ytst i havgapet, i lune fiskevær og langs vêrharde strender i dei fire vestlandsfylka våre. Han gir oss informasjon om byggjestil og fargebruk på nausta, om tilhøyrande båtar og mykje meir. Boka er svært rikt illustrert med bilete av sjøhus i ulike variantar.

Mystiske og underdanige

– Eg har vore fascinert av naust sidan barndommen. Hos besteforeldra mine på Askøy var det mange naust som det var spennande å gå på oppdagingsferd i om somrane. Der inne var det ei verd av mystikk, ting og tang og teiner. Det er noko eige med desse små, litt underdanige husa som står tilbaketrekte og fint til i naturen og spelar på lag med landskapet, fortel Trond J. Hansen til Nynorsk pressekontor.

Som vaksen har han farta mykje langs kysten i båt og bil, både på jobbreiser og på ferieturar. Då har det blitt ein del fotografering av naust. Med eit rikhaldig biletarkiv kom tanken om ei naustbok.

– Eg la merke til at mange naust vart borte. Det har endra delar av kysten på få år. Derfor kjennest det viktig å dokumentere denne delen av kystkulturen. Tanken med boka er å presentere eit utval av naust og miljø som er representative for vestlandskysten, seier Hansen.

Livsnødvendige bygg

Ordet naust kjem frå det norrøne navasta. Nava betyr skip, og sta å stå. Altså staden der skipet eller båten står.

Naust, båtstøer, sjøhus, saltebuer og kaianlegg er i dag viktige kulturminne langs den langstrakte kysten vår og er spor etter den aktiviteten nordmenn har og har hatt i samband med sjøen, enten det er fiske eller ferdsel. Naustmiljøa skapte også samlingsstader og sosiale soner.

Utan naust eller båthus kunne ikkje båtar og fiskereiskap liggje trygt i all slags vêr. Utan båt kunne ikkje kystfolket livnære seg av sjøen og havet. Derfor har desse bygningane vore viktige langs heile kysten opp gjennom tidene og blei nesten betre vedlikehaldne enn våningshusa.

Folk bygde nausta sine på lune stader der det var god tilgang til sjøen. Gode område for naust var ettertrakta og det kunne derfor kome opp mange naust nesten vegg i vegg på slike stader, såkalla naustrekker.

Eit naust ligg nesten alltid med den eine gavlen mot sjø eller vatn. I denne gavlen er det ei stor dør tilpassa breidda på båten. Naustet ligg gjerne eit stykke opp frå flomålet og framfor naustet er det ofte ei båtstø som går ned til sjøen. Huset er gjerne luftig bygd, for å sikre god tørk til båt og fiskereiskap.

På stader der floa kan gå svært høgt eller der det er mykje sjødrev står nausta eit stykke opp på land eller på ei kai. På stader der det nesten ikkje er skilnad på flo og fjære kan ein føre båten rett inn i naustet og fortøye.

Eit fellesnaust og notheng for fleire av gardane på Glesvær på Sotra i Hordaland. Glesvær var det største fiskeværet på øya på 1700- og 1800-talet. Foto: Foto frå boka/Trond J. Hansen.

Tre typar

Trond J. Hansen fortel i boka om tre hovudtypar av naust her i landet: grindanaust, tømmernaust og steinnaust. Tradisjonelt er nausta bygd av dei materiala som har vore lett å få tak i lokalt. På Jæren er det til dømes mykje stein, og i Hardanger har det vore mykje tømmer.

Sjøbruksmiljø

Alle bygningar ved sjøen er ikkje naust. Tidlegare var det vanleg at fleire gardsbruk i fellesskap hadde sjøhus med ulike bruksområde, fortel Hansen. Naustet hadde plass til båtar, båtutstyr og fiskereiskap. Sjøhuset var stabburet i kystmiljøet. Her blei fisken salta og lagt i tønner. Sjøbua låg ute på kaikanten, slik at varer kunne løftast eller heisast direkte mellom båt og hus. Desse buene hadde gjerne ark med vinsj. I sjøbruksmiljøet fanst det også not- og garnbuer til dømes.

Naustraudt

Tradisjonelt er dei fleste naust her i landet malt raude, viss dei i det heile er malte. Raud var faktisk den billigaste malinga, og ofte heimelaga av lyse og erde. Lyse var avkok av fiskelevertran. Erde er eit naturleg raudt jarnoksid som vart kjøpt i store sekker.

Den nest billigaste malinga var oker, ein varm gulfarge. Kvit var derimot ein dyr maling, som berre dei mest velståande hadde råd til.

Nokre stader er ikkje nausta malte i det heile. Dette er gjerne på vêrutsette plassar med mykje sjøsprøyt. Saltet fungerte som impregnering, ofte betre enn maling.

Naust blir borte

I dag er det andre tider og andre behov i kystsamfunna. Båtane er blitt større og meir robuste, og dei får ikkje lenger plass i dei små sjøhusa. I gode hamneanlegg kan båtane liggje ute heile året. Derfor blir det ikkje brukt like store ressursar på å halde dei gamle nausta ved like, så ein del forfell og dett ned. Ekstremvêr har også teke knekken på ein del sjøhus dei siste åra.

- Nokre er veldig opptekne av å ta vare på nausta sine, ein del naust er også freda. Men nokre naust har fått endra bruksområde. Eg er ikkje i mot at sjøhus får nye funksjonar, men det er beklageleg når naust får store panoramavindauge og parabol og nærast blir brukt som hytte. Naust er blant dei mest betydningsfulle, kulturhistoriske bygga vi har langs kysten vår. Det er på tide at sjøhusmiljøa kjem ut av skyggen frå dei mykje omtalte innlandsmiljøa og får den merksemda dei fortener, seier Trond J. Hansen.