– Å leite og leite og aldri finne, det har vore ganske slitsomt, fortel 36 år gamle Erika Vanessa Brandal. Då ho var to år gamal, vart ho adoptert frå Costa Rica. Og heilt sidan ungdsomsåra har ho prøvd å finne si biologiske familie i landet som ligg i Mellom-Amerika.

– Eg har alltid trudd, alltid følt, at eg hadde nokon der, nokre nære slektningar, seier ho.

Det er juli 1984 når ekteparet Inger og Jarle frå Sykkylven reiser til Costa Rica for å hente to år gamle Erika Vanessa Barbosa Badilla. Frå før har paret adoptert to brør frå landet. Den to år gamle jenta, som skal bli deira tredje barn, bur på barneheimen Patronato. Mor Inger skildrar dei første dagane i ei dagbok.

15. juli 1984: «Og der sto hun liten og tynn og med de skjønneste øyne jeg har sett i mitt liv. Hun bare så og så på oss og jeg gråt og skalv som et aspeløv da jeg kunne klemme den lille kroppen inntil meg.»

– Eg hugsar absolutt ingen ting frå dei to åra eg budde i Costa Rica, seier Brandal. Difor er dagboka frå adoptivmora god å ha. Det er også ein turkis album, der dei første bilda vart tekne desse julidagane for 34 år sidan.

på flyet: Erika Vanessa Brandal på fanget til Inger på flyet heim til Noreg. Ho budde i Sykkylven til ho skulle starte i 2.klasse, då flytta ho til Brandal. Foto: Privat

16. juli 1984: «Hun var ganske stille i dag også, men tødde tidligere opp enn dagen før og vi tok henne med oss på tur i en park som bare lå et lite stykke fra barnehjemmet, hun ville svært gjerne gå ut sammen med oss og vinket adjø til de andre.»

– Seinare har eg ikkje fått vite meir enn det som står i papira mine og i denne dagboka. Det første leveåret budde eg heime, truleg hos besteforeldra mine, for mora mi var rusmisbrukar og prostituert. Eg skulle også ha to eldre brør, fekk eg vite. Så hamna eg altså på barneheim og budde der i eitt år før eg vart adoptert til Noreg, fortel Brandal.

I Noreg venta Juan og Tommy, som også vart adopterte frå Costa Rica.

18.juli 1984: «Etter frokost tok Jarle og jeg bussen ut til barnehjemmet og da vi kom dit kom Erika springende mot oss med åpne armer, det var virkelig moro og hun strålte som en sol.»

Då ho kom til Noreg, fekk ho nytt namn: Erika Johanne. Og då ho skulle starte i andreklassa, flytta ho til Brandal saman med mor Inger, som har gifta seg med Jens Peder Brandal.

– Det er han eg reknar som faren min. Og det var først i ungdomsåra eg så smått starta å leite etter mitt biologiske opphav. Kvar gong har eg ramla ned på at eg ikkje finn noko, seier Brandal.

Ho har mellom anna kontakta den nicaraguanske ambassaden, prøvd å finne informasjon gjennom eit adopsjonsforum og henta ut alle dokument om seg sjølv hos fylkesmannen.

– Det var berre ein tjukk papirbunke med ingen ting, det var lite informasjon og lite til hjelp. Papira gav ikkje namn på foreldre eller søsken og heller ikkje fødselsnummeret mitt frå Costa Rica.

19.juli 1984: «Jeg kan ikke si annet enn at det var svært rørende å se på da de gikk rundt med Erika for at hun skulle ta avskjed med alle, både store og små.»

Erika Vanessa Brandal har vore tilbake i fødelandet sitt to gongar etter at ho kom til Noreg. Første gongen var i 2003, saman med mor Inger og sine to brør.

– Eg er så glad for at vi fekk til den turen, for mamma døydde berre eit år etterpå, av lungekreft, fortel Brandal.

I 2014 reiste Erika Vanessa tilbake til Costa Rica saman med sambuaren.

– Også då prøvde eg med hjelp frå fastbuande å finne familien min, men det vart så mykje fram og tilbake at eg slo det frå meg. Etter det la eg det vel litt dødt, fortel 36-åringen, som har budd i Ulsteinvik i snart tjue år.

– Eg har alltid lurt på kven eg er, kvar eg kjem frå, korleis familien min ser ut, og kvifor eg ser ut som eg gjer. Korleis ser mi biologiske familie ut? For det er noko med det å sjå seg sjølv i spegelen kvar dag og ikkje kunne identifisere seg med nokon andre. Det å ikkje vite heilt kvar eg kjem ifrå, korleis familien min er.....

Erika Vanessa vart fødd utan høgre underarm.

snø: Erika Vanessa fekk namnet Erika Johanne då ho kom til Noreg. Ho er fødd utan høgre underarm. – Eg har ofte tenkt at det var difor mora mi gav meg vekk, seier ho. Foto: Privat

– Eg har ofte tenkt at det var difor mora mi gav eg vekk, at det var skam å ha eit barn som mangla ei arm. Var eg ikkje bra nok? Det har følgt meg heile livet, den manglande armen har vore og er framleis veldig vanskeleg å godta, fortel ho.

Dei to brørne hennar har funne si biologiske familie i landet og har oppmoda systera om også å leite etter sitt opphav.

– Eg kjenner meg veldig heime i Costa Rica, eg føler at det er landet mitt. Det er sjølvsagt godt å kome heim til Noreg også, men livet i Costa Rica gir meg kjensle av å fare nokre tiår tilbake i tid.

fotoalbum: Erika Vanessa Brandal hugsar ingen ting frå sine to første år. I 1984 vart ho adoptert til Noreg, og dagboka etter adoptivmora og ein album med bilde frå barndomen er kjære minne. Foto: Linda Eikrem

Det har vorte våren 2018. På Facebookforumet «Vi som er adopterte fra Costa Rica» får Brandal hjelp frå eit av dei andre medlemmane.

– Ho tipsa meg om å kontakte eit folkeregister i Costa Rica. Eg sende e-post til ulike adresser, fekk ikkje svar og heldt på å miste motet- igjen. Så prøvde eg nok ei e-postadresse og då fekk eg svar. Dei bad meg sende eit blde av passet mitt og så fekk eg fødselsnummeret mitt og fødenamnet mitt. Desse opplysningane gav eg vidare til ein amerikansk misjonær i landet. Han fann ut at mora mi heitte Maria Cecilia Barbosa Badilla. Eg prøvde å leite etter henne, men det var ikkje lett. Via ein av onkelungane til broren min fann eg så namnet på systera til mora mi, altså tanta mi. Eg la saman to og to, sidan dei stod oppførte med dei same foreldra, fortel Brandal.

Det viste seg at tanta, Maria Margerita, har elleve born. På Facebook søkjer Erika Vanessa opp personar som har liknande namn og skriv til dei og spør om dei kjenner til denne Maria Margerita.

– Eg brukte Google Translate for å kontakte dei på spansk. Så, 28. april fekk eg napp. Eg får melding frå ei som heiter Maritza. Ho skreiv følgjande:

«Viss det er tanta di du leitar etter, så er eg søskenbarnet ditt- for ho er mora mi. Mora di lever og du har ein bror som heiter Jonatan.»

Etter å ha leita i atten år, fekk Erika Vanessa Brandal stadfesta det ho alltid har trudd: ho har nær familie på Costa Rica. I neste veke reiser ho for å møte dei.

– Det tok ikkje lang tid frå eg fekk svar frå søskenbarnet mitt til eg fekk kontakt med min biologiske bror, Jonatan, fortel Brandal om det som skjedde i slutten av april i år.

– Det var litt overveldande. Frå den dagen til no har vi skrive mange meldingar til kvarandre, seier ho, medan ho skrollar gjennom messengersamtalen ho har hatt med broren.

– Folk seier vi liknar på kvarandre, men eg klarer ikkje helt å sjå det.

Bror Jonatan er fire år eldre enn Erika Vanessa. Han har fortalt veslesystera at han har leita etter henne i mange år og til og med etterlyst henne gjennom nasjonal radio og tv.

«Lillesøster, eg elskar deg. Det gjer mora di også.», skriv han i ei melding. Han fortel at han hugsar godt den dagen systera forsvann og aldri kom heim. Då var han fem år gamal, ho var eitt år. Han fekk aldri noko forklaring. «Eg vil ALDRI miste deg igjen, no når eg har funne deg», skriv han i ei anna melding.

– Det er uklart for meg kven som henta meg, om det var faren min eller nokon frå barneheimen, seier Brandal.

Mor og bror: Erika Vanessa si biologiske mor, Maria Cecilia, bur framleis på gata. – Det var veldig skuffande å høyre, seier Brandal. Bror Jonatan tok dette bilde av seg sjølv og mora etter at dei to hadde hatt ein videosamtale med Erika Vanessa. Foto: Privat

Ho har heile tida trudd at ho har to biologiske brør, men det viser seg at ho har ei to år eldre syster i tillegg til bror Jonatan. Verken Erika Vanessa eller Jonatan veit noko om denne systera. Brandal si biologiske mor, Maria Cecilia, er no 57 år gamal. Ho bur på gata, er rusmisbrukar og livnærer seg av prostitusjon.

– Eg må seie at eg vart ganske lei meg og skuffa då eg fann ut at mora mi ikkje har kome seg vekk frå livet på gata, seier 36-åringen.

Fleire gongar har ho hatt videosamtalar med broren. Den eine gongen var mora også med.

– Begge grein veldig mykje. Mora mi sa: «Barnet mitt, barnet mitt, eg har alltid tenkt på deg, eg har aldri gløymt deg! Har du ei seng til meg, så kjem eg.» Då fekk eg litt noia, då måtte eg stoppe litt ..., fortel Brandal.

I neste veke set ho og sambuar John Kenneth seg på flyet. Framom seg har dei eit fire veker langt opphald på Costa Rica. Der ventar tanter, onklar, mormor, rundt 33 søskenbarn, tanteungar, svograr og svigerinner, i tillegg til broren og mora.

– Eg strevar litt med å få oversikt, men alle veit at eg kjem. Vi skal i hovudsak bu hos broren min, som er byggingeniør. Det er ganske primitive forhold, så eg håper eg taklar det, fortel Brandal.

bror: Jonatan er fire år eldre enn Erika Vanessa. Her er han med familien sin. Foto: Privat

Det har gått fire månader sidan Erika Vanessa Brandal fann si biologiske familie. Tida har vore prega av mange motstridande kjensler. Ho seier det er viktig å få fram at dette ikkje nødvendigvis er ei solskinshistorie.

– Eg vart kjempeglad då eg fann dei, då kunne eg ha sett meg på flyet med ein gong. Men no, no gler eg meg ikkje, eg er låk i magen, eg vil helst ikkje reise og er veldig emosjonell. Kanskje det er panikken som har teke meg? Men eg har funne ut at eg berre må gjennomføre dette. Viss det ikkje blir som eg trudde, kan eg stengje den døra, fortel ho.

Kva spørsmål håper du å få svar på?

– Eg har veldig mange spørsmål, og det er hovudårsaka til at eg fer til Costa Rica no. Eg skal møte mi biologiske mor, eg har- i alle fall førebels- ingen sterke kjensler for henne. Ho er berre kvinna som fødde meg. Eg vil spørje henne om kvifor eg vart sendt vekk, om det var fordi eg ikkje var god nok. Og sidan eg er fødd utan høgre underarm, var eg til skam for familien? Eg kjem også til å spørje om kven som er faren min og kvar det blei av systera vår. Men eg er ikkje sikker på at eg får vite sanninga nokon gong, seier Brandal.

stor slekt: Det er mange som ventar på Erika Vanessa, ho har 33 søskenbarn, tanter, onklar, mormor og ei rekkje andre slektningar. Foto: Privat