Gårsdagen

Ein draum om å bade i Atlanterhavet

Feature

Ein sommardag tidleg på 1960-talet kom eit finsk ektepar inn på forretninga til Peder Fritz Waage i Fannemelbygget i Ulsteinvik. Dei ville vite om butikkeigaren kunne tipse dei om ein plass det var fint å setje opp telt. «Og så har kona mi ein draum om å bade i Atlanterhavet», la ektemannen til.

Med ei slik føring meinte Peder Fritz Waage at rette staden var Flø. Dessverre for det finske paret hyljregna det stort sett heile tida under opphaldet. Og då Peder Fritz tok med seg kone, barn og ein nabounge til Flø for å helse på finnane, syntest dei så synd på teltturistane at dei inviterte dei heim til seg i Ulsteinvik.