Ulstein Høgre sin ordførarkandidat:

– Eg er veldig motivert

Stian Lehmann Scheide (27) har sagt seg villig til å stå øvst på Ulstein Høgre si liste til kommunevalet neste haust. Han har vore politisk aktiv sidan han 16 år gamal gjekk inn i Unge Høgre, og takkar aldri nei til ein diskusjon.

Diskusjon Stian takkar aldri nei til ein god diskusjon, og er ikkje redd for å ta upopulære avgjerder. Samtidig er han ikkje redd for å innrømme at han har tatt feil og be om orsaking. Det er slik ein lærer, meiner han.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Feature

På spørsmål om kvifor han vil bli ordførar i Ulstein kommune svarer han at han gjer det av sin kjærleik til kommunen. Det er mykje bra i Ulstein kommune, men han synest det har vore litt for mykje fokus på sentrum dei siste åra. Han synest kommunen bør satse meir på krinsane, og gjere det attraktivt for barnefamiliar å bu der.