Innsendt:

Frå ein Islands-tur i 1963

Det er som regel dei beste fisketurane på sjøen vi hugsar best. Men inn i mellom får vi ein tur som ikkje er så bra økonomisk og som vi helst vil gløyme.

Mannkapet på M/S «Hareid» i 1963: F.v. Jan Per Røyset, ein kar frå Ørsta, Jan Skrede, Roger Korsnes, Asbjørn Worren og Peder Nedrelid. Ikkje med på bildet: Svein A. Brandal og Sigurd og Lidvin Korsnes. 

undervegs: M/S «Hareid» hadde ein tur etter silda ved Island på hausten 1963. 

Feature

Svein A. Brandal kom og minte meg på ein slik tur. Vi var i lag om bord på «Hareid» til Island i 1963. Med drivgarn etter sild. Svein hadde også ein del bilete frå turen.

Eg for min del hadde tidlegare på sommaren vore med ein annan båt på industrifiske etter sild ved Island. Båten var «Melshorn» som no skulle til Grønland på linefiske. Eg blei ikkje med dit. Eg var no var ledig for noko anna.

«Hareid» hadde også vore på Island den sommaren, som hjelpefartøy. Dei fleste snurparane som hadde vore på industrifiske, hadde no slutta av og gått heim. Så hjelpefartøy var det ikkje lenger behov for. Båten «Hareid» var klar for andre oppdrag. Og vi fekk tak i eit godt mannskap. Vi halte garnlenka om bord, pluss salt og tomtønner og sette kursen vestover til Island.

Det byrja allereie å bli seint på året for ein slik tur. Kalenderen viste september. Vi skulle berre gjere ein snartur. På veg bortover møtte vi fleire båtar som hadde avslutta fisket der borte.

Då vi kom til fiskefeltet, var det berre russebåtar og nokre få båtar frå Færøyane vi såg. Fiskeriet var brukbart i starten, men ikkje det heilt store.

Dei fleste norske båtane som var på Island med drivgarn, brukte som regel å ha båten på drift for å få ut garna. Då var ein avhengig av litt vind. Elles var det å bakke ut garna, men då stod dei ikkje så fint i sjøen.

Men russebåtane var ikkje avhengige av vêr og vind. Dei hadde garnlenka liggjande greidd på hekken. Så dei sette garna som dei ville. Det fekk vi merke. Vi byrja som vanleg å drage garna tidleg på morgonen, men såg snart av vi ville få problem. Ei russelenke stod rett over garna våre. Vi vurderte om vi skulle skjere av, men valde heldigvis å vente.

Russarane kjem

Vi såg båten kome dragande mot oss. Det var stilt og fint vêr denne dagen. For å løyse ut floken kom båten heilt opp på sida vår, så nær at vi nesten kunne handhelse på kvarandre. Russarane var høflege. Dei var interesserte i å byte blad mot sigarettar. Men vi hadde ikkje så mykje blad av den sorten som dei var mest interesserte i. Men nokre Allers og Vi Menn fekk dei.

Vi fekk nokre dagar på feltet med fint vêr, men fiskeriet var så som så. Vêret blei etter kvart meir og meir ustabilt med kuling og storm. Det blei mange turar fram og tilbake frå fiskefeltet til Seydisfjord som var den næraste hamna.

Vi var komne i eit uføre med vêret. Den eine kulingen avløyste den andre. Vi låg så lenge i hamn at fleire av mannskapet fekk tilbod om arbeid på land. Der vi låg ved kai, var det full aktivitet med vraking og forlaking av sild. Det var mange tusen tønner dei skulle fare over, så dei trong hjelp.

Vi var der borte for å fiske sild, men vêret den hausten var for det meste heilt håplaust. Kuling og storm. Det blei til slutt ein vane at vêret og meldingane var dårlege. Til slutt hardna det til og stormen fekk namn.

Flora og Ole

Heime på Hareid var det eit pensjonat som vart drive av ekteparet Flora og Ole Sæth. Medan vi låg vêrfaste i Seydisfjord, høyrde vi i vêrmeldingane at vi få besøk av restane av ein tropisk orkan som hadde fått namnet Flora. Og det fekk vi merke. Vi hadde aldri sett maken til uvêr. Heile Seydisfjord hamn var eit einaste sjøròk.

Eg trur det var Jan Skrede som sa: - Det er best å kome seg heim før han Ole kjem. Og slik blei det. Vi hadde ikkje garn i sjøen etter den orkanen. Vi avslutta og fór heim.