Laurdagspraten - møt Per Arve Moldskred:

Traktor og kontor

– Eg har gått nokre rundar med meg sjølv, seier Per Arve Moldskred, som er anleggs- og breiddesjef i Hødd. To andre i administrasjonen har sagt opp, men Moldskred har bestemt seg for å halde fram i klubben som oldefaren var med og stifte for 100 år sidan.

«Last man standing»: To har sagt opp jobben sin i Hødd-administrasjonen, men Per Arve Moldskred held fram. Han trur Hødd igjen kan bli eit topplag i norsk fotball. – Men det kjem til å ta tid, seier han. I klubben har han ansvar for breidde og anlegg, noko som også inneber ein del snøbrøyting. Her på kunstgrasbana.  Foto: Linda Eikrem.

Eg er svært oppteken av at borna og ungdomane våre skal ha ein trygg og god arena på Høddvoll

Per Arve Moldskred
Feature

– Eg lurte på om eg også skulle kaste korta, men så tenkte eg at vi jammen skal kome oss gjennom dette også, seier Per Arve Moldskred, som med «vi» meiner Hødd. 59-åringen har litt motvillig gått med på å vere laurdagsprat i lokalavisa, («Eg likar eigentleg å halde meg litt i bakgrunnen»), men ser nyheitspoenget i at han er ein av få i Hødd-administrasjonen som ikkje har sagt opp jobben.

– Eg er svært oppteken av at borna og ungdomane våre skal ha ein trygg og god arena på Høddvoll, seier han, som fyller seksti i august, same månad som Hødd fyller 100.