Laurdagsprat:

H for Hårberg og handball

Trønderen Linda Hårberg (43) skulle bu i Ulsteinvik i berre ein kort periode. Til sommaren er det tjue år sidan ho flytta til bygda.
Feature

– Det var i 1999, eg var ferdig utdanna fysioterapeut, hadde hatt praksis i Nordland og var på jakt etter ein jobb i Trondheim. Det næraste jobbtilbodet eg fekk var her i Ulsteinvik, og så tenkte eg at «ja ja, eg får ta nokre månader der», fortel 43-åringen. Denne veka vart ho valt til ny leiar i IL Hødd Handball, etter å ha sitte i styret og vore leiar for sportsleg utval i fleire år.