- Lisa Mari må vere ei av dei driftigaste damene eg nokon gong har møtt

Ein fersk førtiåring blir portrettert i denne vekas utgåve av "Øyfolket- ein hyllest til portrettet og menneska", som er laga av fotograf Cecilie Hatløy.

Lisa Mari Breivik Anderson  Foto: Cecilie Hatløy

Feature

Lisa Mari Breivik Anderson er fødd og oppvaksen i Gjerdsbakkane på Dimnøya. Ho har tatt over besteforeldra sitt hus på garden, saman med sin ektemann Ottar André og dei fire borna deira. Kanskje kjenner du Lisa Mari aller best som gründer av Gode Greier (et. 2003), engasjert lokalpolitikar i Senterpartiet, eller som lærar på vidaregåande? Det er i alle fall ingen tvil om at Lisa Mari må vere ei av dei driftigaste damene eg nokon gong har møtt.