– Eg fann ein sniglebaby på utsida av presenningen, som eg knerta

Same dag som eg skreiv denne teksten fann me denne brunsniglen hengande på inngangsdøra.   Foto: Arild Torvund Olsen

Men døtrene mine meinte at dei likevel fortener å leve.

Feature

I oppsedinga har eg lagt stort vinn på å lære døtrene mine at alle er like verdifulle. Uansett nasjonalitet, seksuell legning, utsjånad, alder, rikdom eller interesser, så har alle like stor verdi. Folk skal få tru på det dei vil, og ha dei meiningane dei har, så lenge dei oppfører seg med respekt mot andre. – Vi er aill sammen individa, som Are og Odin seier.