Gårsdagen

Amerikabesøk

Feature

På midten av 1960-talet ein gong kom ekteparet Wally (William) og Barbara Esthesen frå USA på slektsbesøk til Ulsteinvik og Vartdal.

Gjennom Rotary i USA hadde tidlegare rådmann Asbjørn Waage i Ulstein klart å spore opp slekta i Amerika. Wally Esthensen var barnebarnet til Ingeborg (f. Sporstøl i Ørsta) og Johannes Buset frå Vartdal, som emigrerte til USA i 1882.

Johannes Buset hadde søstra Andrine, som vart gift med Johan Hasund, og slik spreidde Vartdals-slekta seg også til Ulstein.

Johannes og Ingeborg emigrerte til Luverne, ein liten by i Rock County i Minnesota, som framleis har eit stort innslag av nordmenn og tyskerar.

Det var stor stas då Wally og Barbara Esthesen kom på vitjing til Sunnmøre. Dei budde i Ulsteinvik, men ein tur til Buset på Vartdal vart sjølvsagt lagt inn, og mange av Hasund-slektningane var med på denne utflukta.

Bak frå høgre ser vi Wally Esthesen, deretter følgjer Kjellaug og Asbjørn Waage, Oline Hasund, Leif Dimmen, Sara Saunes (f. Hasund), Peder Fritz Waage, Astrid Dimmen og Signe Waage (f. Hasund). På kne framme til venstre ser vi kona til Wally, Barbara Esthensen - og dei to på campingstolane er brørne Olav og Knut Hasund. Mannen som vi skimtar i bakre rekke er truleg verten i tunet på Buset.

Jorun Waage, som var gift med Peder Fritz Waage, hugsar godt turen til Vartdal. Ho fortel at Asbjørg (f. Hasund) og ektemannen Nils Grønmyr også var med på turen, og ho trur det må vere Asbjørg som har tatt bildet.

I 1977 var Peder Fritz, Jorunn og Asbjørg og Nils Grønmyr på gjenvisitt til USA, og dei vart hjarteleg mottekene og viste rundt i regionen der ekteparet frå Vartdal etablerte seg med farm på slutten av 1880-talet. Wally og Barbara hadde fem born, og dei vart etter tur sende til Norge for å lære seg norsk på sommarskule.

– Vi har framleis kontakt med familien i USA via Facebook, fortel Jorun Waage.

I dag har alle som er på bildet gått bort.