"Øyfolket- ein hyllest til portrettet og menneska":

- Eg er ei veldig vanleg, ganske kjedeleg kvardagsdame

Feature

Gunn-Marte Hasund vert overrumpla i det eg spør om ho vil vere ein del av «Øyfolket». «Eg er ei veldig vanleg, ganske kjedeleg kvardagsdame, og veit ikkje om det er så mykje å portrettere», seier ho. Eg har til gode å møte menneske som er kjedelege, og vil sjølvsagt meir enn gjerne portrettere Gunn-Marte. Veninna Cecilie seier blant anna dette om Gunn-Marte: «Då gutane våre starta på taekwondo møttest vi ofte der. Vi spøkte begge ei stund med at vi skulle begynne. Om du startar så startar eg, sa vi så lenge, at trenaren til slutt sa at no måtte vi begynne. Sidan har vi vore aktive (3 år). Vi tok raudt belte i vår. Vi støtta kvarandre på kvar trening, og pusha kvarandre når vi har vore utanfor komfortsona. Vi har nær svimt av i lag, før kvar gradering. I vår gjekk vi også våre første kampar. Gjennom treningane har eg vorte godt kjent med ho som ei fantastisk åleinemor som gjer alt i si makt for at gutane hennar skal ha det bra. I og utanfor huset snikrar ho, støyper, lekter, flislegg, plattar, listar, legg nytt tak (også utvendig), festar nye takrenner m.m. Ho har også hatt helseutfordringar, men står på, med krum hals og gjer litt kvar dag. I tillegg er ho verdas snillaste. Hjelper andre. Ho jobbar i barnehage. Borna lyser av glede når dei ser ho. Og ho er oppriktig glad for å sjå dei. Ho er eit fantastisk kvardagsmenneske, som fortener gullmedalje for det».