Språkspalta:

Grendehus eller grendahus

Brandal grendehus  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Feature

Problemstillinga har vore drøfta før. Olav O. Dimmen seier at det heiter «Dimna grendahus», men at det står «Dimna grendehus» (med E) på eit le-skur utanfor grendahuset. Så kva er det korrekte? Først eit tilbakeblikk: For to år sidan hadde lokalavisa ein artikkel der gamle Brandal skule vart omtala som GRENDAHUSET. I den samanhengen skreiv Sigurd Eliassen: «Korrekt språkbruk er GRENDEHUS. Grendahus er ikkje rett – sjølv om det er mange som skriv det. Vi skreiv det faktisk feil sjølve for nokre år sidan før vi fekk ein korreks og sjekka saka.»