Scottys Dreamteam: Dette må vere Trond Skotsheims ultimate «dreamteam», i alle fall på heimebane på slutten av 1970-talet. Trond Skotheim kom flyttande frå Svarstad i Vestfold til Ulsteinvik tidleg på 1970-talet saman med foreldra Nils og Ragnhild - og storebroren Olav. Faren var el-verksjef i Ulstein, og dei første åra budde familien i E-verkbygget på Geileneset som no er rive. Trond vart raskt ein del av bandmiljøet i Ulstein, og i kjellaren hadde han platespelar med eit feitt lydanlegg og LP-plater med Joe Cocker, Blind Faith og Jethro Tull. Men livet er meir enn musikk, og etter kvart vart det ekteskap med Ann (f. Sundal) frå Ulsteinvik. Her har den seinare så kjende Dagens Næringsliv-fotografen Per Ståle Bugjerde fanga dei i telelinsa ein 17.-mai i Ulsteinvik. Ann i tekkeleg sunnmørsbunad og Trond i slengbukser og platåsko. Litt «hippie» må det vere lov å vere sjølv for ein gift tobarnsfar. Fotoet er truleg frå 1979, for dottera Birthe er fødd i 1978, babyar blir sjeldan plasserte i sportsvogn før dei er eit år gamle. Birthe er i dag busett i Bergen. Den vesle guten ved sida er eldstebarnet André, som er fødd i 1973. Han vart seinare ein kjend spiss og målscorar på A-laget til Hødd Fotball. Ein god del år seinare, i 1992, kom sonen Tobias og vart innlemma i Scottys private dreamteam. Leiken med ordet «dreamteam» er sjølvsagt ikkje tilfeldig. Musikkglade Trond Skotheim har i ei årrekke arrangert konsertar/dans i romjula med utvalde musikarar og artistar under headingen «Scottys Dreamteam», til glede for minst to generasjonar. ANNE GRY EILERTSEN

Scottys Dreamteam