Kulturformidlar: Kvinna midt på biletet i lys lilla kjole er Asgerd Overå. Ho var fødd på Solaberget i Ulsteinvik i 1918 og bar jentenamnet Spjutøy. Asgerd vart gift med Oddmar Overå frå Hareid, og budde mesteparten av livet på Overå. Ho døydde i 2016, 98 år gammal, mett av dagen, og etter eit langt liv som kulturberar. Asgerd Overå var ein meister til å brodere og veve billedvevar. I unge år gjekk ho ved ein kunst- og handverksskule i Telemark, og ho tente også hos familien Rummelhoff i Oslo som dreiv innan tekstil. Sonen Ottar Overå opplyser at ho i ei dagbok har notert at ho har brodert 150 bunader. Kor mange kurs ho har halde i bunadbrodering og billedvev står der ikkje noko om, men opp gjennom åra har ho halde eit utal med kurs i brodering av både bunader, skjorter og capar. Fotoet vi gjengir er truleg frå 1976, og frå kursavslutning på Rose Rådhusets Selskapslokaler på Hareid. Vi ser bak frå v.: Torill Røyset Sandvik, Lise Muren, Oddrun Fjelly, Åshild Skrede, Oddbjørg Walaunet, Ranveig Gjerde, Solveig Fremsæter, Jenny Kvammen, Gerd Røyset, ???, Arnhild Grimstad, Synnøve Holstad, Turid P. Meinseth og Margreta Liavåg. I midtre rekke frå v.: Ninni Osnes, Judit Kaldhol, Asgerd Overå, Randi Flø og Gudrun Hareide. Fremst: Lisbeth Kulø og Kirsten Marø. Rundt om i Hareid og Ulstein er det mange som ber bunader takka vere Asgerd Overå si kulturformidling, og dei som har gått på kurs med henne fortel om ei mild,snill og humoristisk kvinne. I Hareid kyrkje er der i alle fall to billedvevar som ho har komponert og vove. ANNE GRY EILERTSEN

Kulturformidlar