Svan og elevane hennar: På 50- og 60-talet var det mange i den oppveksande slekt på Hareid, ja, til og med i Ulsteinvik, som tok turen til det vakre sveitserhuset langs Gamle Brandalsvegen for å få pianoundervisning av Svanhild – Svan – Riise. Ho underviste også i song og gitarspel - og det er heva over tvil at ho før kulturskulane kom var ein svært viktig aktør i arbeidet med å vise ungdomar veg inn i musikkens verd. Svanhild Riise var fødd i 1901, og var dotter til læraren og kordirigenten A.C. Riise og kona Rebekka (f. Wolsdal). Ho hadde studert ved Musikkakademiet i Oslo, men kom heim til Hareid for å drive privatundervisning. Elevane vart ofte tekne imot av søstera Agnes – Anni – Riise. Etter at foreldra døydde var det Anni som stod for alt det praktiske i heimen, medan Svan fekk vie seg til undervisninga. Før kvar sommarferie var det avslutning med «elevaften» på Trudvang. Nokre var nok nervøse og følte seg ikkje på høgde med situasjonen, medan andre strålte av musikkglede. På dette fotoet er det Svan-elevar frå ein gong på 1950-talet. 1. rekke frå v.: Nils Holstad, Kristbjørg Bjørndal, Brit Teigene, Greta Holstad, lærar Svanhild Riise, Åge Brudevoll, Randi Leite, Johannes Hareide og Johannes Brudevoll. 2. rekke frå v.: Tor Riise, Jorun Vådal, Jan Holstad, Herdis Ulset, Freddy Hareide, Inger Grete Moldskred, Bodolf Hareide, Anne Karin Utgård, Anne Sølvi Erstad, Tove Moldskred, Anne Lise Søvig og Mari Sølvi Holstad. Bakre rekke frå v.: Harald Finn Bøe, Geir Fannemel, Olav Røyneland, Gunnar Moe, Egil Utgård, Otto Holstad, Ole Bertel Alvestad, Hans Otto Rise, Hans Dybhavn og Terje Mork. ANNE GRY EILERTSEN

Svan og elevane hennar