Stramme gutar: Ein vår-/sommardag på slutten av 1930-talet har desse gutane teke oppstilling nedanfor huset til Birger Ulstein på Ulstein. Dei har alle dressa seg opp i sin finaste stas, matrosdressar. Ivar Skeide (fødd 1927) står heilt til venstre på bildet. Han kan ikkje hugse om gutane var samla til ein festdag. Han trur helst det var Gustav Osnes som hadde varsla at han ville kome med fotoapparatet sitt, og at gutane, som alle er søskenborn, hadde fått beskjed om å stille i bestekleda sine. Stramme og fine er dei i alle fall. Ivar Skeide er altså den høgaste på bildet, deretter følgjer Steinar Flø (fødd 1928), Johan Ulstein (1929-2008) og bror hans Magnar Ulstein (fødd 1933). Ivar Skeide bur framleis på Skeide. Han starta arbeidskarrieren sin som sjauar på Hatlø Verkstad, og deretter på Barmen Møbelfabrikk. Då den brann fekk han seg eit år på handelsskule på Nordfjordeid før turen gjekk vidare til Stavanger Elementærtekniske skule. Deretter flytta han tilbake til Ulstein og fekk seg jobb ved teiknekontoret på Hatlø, der han vart til han gjekk av med pensjon. Steinar Flø utdanna seg til tannlege, og busette seg i Tønsberg. Johan Ulstein utdanna seg til ingeniør og var busett i Oslo. Magnar Ulstein tok legeutdanning, og hadde størsteparten av legegjerninga si i Bergen. Etter at han vart pensjonist flytta han tilbake til Ulsteinvik. ANNE GRY EILERTSEN

Stramme gutar