"Øyfolket- ein hyllest til portrettet og menneska":

Jorun Emilie Waage

Feature

Jorun Emilie Waage , f. Holm i 1928, vaks opp på Lindøya, ei lita øy heilt inst i Oslofjorden med utsikt til m.a. Akershus festning, her budde ho heilt til ho flytta til Ulsteinvik i 1950. Faren dreiv ein båtverkstad og teikna, bygde og reparerte småbåtar. Jorun hadde ein eldre bror og ei yngre syster som var funksjonshemma. Det var ikkje så mange born på øya, men det var mykje kjekt å ta seg til med likevel. Om sommaren naut dei badelivet og om vinteren hende det at fjorden fraus til og dei kunne gå på skeiser, dei var avhengig av båt både for å kome på skule, organiserte fritidsaktivitetar, handle, lækjar osb.