[ mat ]

Fargerik sei i form

Ein sunn start på nyåret

SEI: Godt nytt år med fargerik sei i form. Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd. 

Feature

Julematen har vore ein orgie i feitt frå pinnekjøt, svineribbe, lammerull, sylteflesk og mår og pølser, og det kan vere mogleg at både julekakene, dessertane og kanskje dei flytande kaloriane har sett seg på sidebeina i desember månad. Tida er altså komen for å stamme inn livreima etter julefeiringa og ete litt sunnare, magrare og meir sparsamt. Det er her fisken kjem inn.