Familien Dimmen: Sjølvsagt finst det mange Dimmen-familiar. Men dette er Dimmen-familien på ni born som i si tid voks opp nedst i Holsekervegen i Ulsteinvik. I dag er det Ragnar og Marie Øvrebø som eig huset. Foreldra til denne søskenflokken var Ingeborg (f. Hasund) frå Hasund og Knut O. Dimmen frå Ytre Dimna. Dei gifta seg i 1907, og huset i Holsekervegen var innflyttingsklart i 1910. Knut Dimmen var den første tilsette ved Ulstein Forbruksforeining, og hadde ein periode fiskebåten «Olga» saman med nokre til. Han var med på å bygge sjøbud på Saunes (seinare kalla Halvdanbuda). Kona Ingeborg gjekk på Kunst- og Handverksskule i Bergen i 1905, og var i mange år leiar for Husmorforeninga i Ulstein. Det eine barnet deira, Andrine (fødd i 1909), døydde berre åtte år gammal. Resten av ungeflokken voks opp, og har etterkomarar blant anna i Ulstein og Hareid. I fremste rekke frå v. ser vi sonen Olav, deretter mor Ingeborg, far Knut og dottera Astrid. Bak frå v. står borna Johan, Svanhild, Ingrid, Åsta, Kristian og Leiv. Olav (f. 1907) var gift med Hildur Karlsen frå Lofoten, og var fiskevrakar. Astrid (f. 1910) var hushjelp og budde i barndomsheimen i Ulsteinvik. Johan (f. 1912) var gift med Inga Hove frå Vik i Sogn og dreiv med møbel og frukt i Trondheim. Svanhild (f. 1916) var gift med Ole B. Høstmark og busett i Molde. Ingrid (f. 1914) var gift med Hans J. Holstad og busett på Hareid. Kristian (f. 1919) var gift med Gunvor Dahling. Dei budde i Trondheim der han var jernbanefullmektig og i mange år kommunalsjef. Åsta (f. 1921) var gift med Monrad Overå og busett i Hjørungavåg. Leiv (f. 1924) var gift med Eli (fødd Garshol). Han var elektroingeniør, spelte på Hødd og starta elektroforretninga Leiv Dimmen. Han døydde 57 år gammal. I dag har alle på bildet gått bort. Foreldra Ingeborg og Knut kom begge frå barnerike familiar, og søskenflokken på bildet hadde heile 72 søskenbarn, dei aller fleste busette i Ulsteinvik, så det er mange som er i slekt med denne flokken. ANNE GRY EILERTSEN

Familien Dimmen