Kunst og kitch til glede i heimen

I mellomkrigstida og etter andre verdskrigen var masseproduserte bilete av elg svært populære i norske heimar. Etter ei stund vart dei stempla som "harry" og tekne ned av veggen på 70-talet.  Foto: De heibergske samlinger/Sogn Folkemuseum

Feature

Dei bileta vi vel å ha på veggen heime, betyr mykje for oss. Nokre er signerte av kjende kunstnarar, andre av amatørar. Nokre er dyre, andre relativt rimelege. Uansett er dei ein del av identiteten vår og skaper trivsel i heimen.