"Øyfolket- ein hyllest til portrettet og menneska":

«Vi kunna prata i timevis, du og eg»

  Foto: Cecilie Hatløy

Feature

Jan Nordal Høie, født i 1947 og oppvaksen under enkle kår i fjøresteinane på Kvitsøy i Rogaland. Ein forsiktige gut, nest yngst av 7 sysken. Den einaste jenta i syskenflokken kom til verda i 1939, og etter det kom det 7 gutar i løpet av dei neste 9 åra. Den eine guten var ikkje frisk, og levde ikkje lenge, men Jan hugsar at det alltid vart sagt at mor og far hadde 8 born. Det er heilt tydeleg at Jan er stolt av «mamma mi», som han kallar ho, ei mamma som så å seie tok seg av borna aleine, då far var ute på sildefiske i lengre periodar i strekk. Ofte så lenge at dei yngste borna ikkje kjende han att, når han kom heim, med utvakse skjegg. Jan er tydeleg på at han er veldig klar over alt fedrane også ofra, for etterkomarane sine. Å leve som fiskar, vart eit hardt og ofte eit kort liv.