Same etternamn, men ikkje i slekt: Nokre gonger kan tilfeldigheiter bli til artige samantreff. Dei tre småjentene på dette bildet høyrer heime i Kaldholen på Hareid. To av dei er søstrene Eva og Ingunn Giskeødegård, som var døtrene til Ingeborg (fødd Kaldhol) og Johan Giskeødegård. Den tredje er Sollaug, som også var fødd Giskeødegård. Ho var dotter til Oddrun (fødd Kaldhol) og Fredrik Giskeødegård. På bildet står Solaug til venstre, Eva i midten og Ingunn fremst. Dei tre jentene var naboar i Kaldholen, men altså ikkje i slekt verken på mor- eller farsida. Forklaringa på at det noko eksotisk-klingande etternamnet Giskeødegård fekk feste i Kaldholen kjem her: Ingeborg Kaldhol reiste i sin ungdom til Giske på ein misjonsleir, og der møtte ho giskeguten Johan Giskeødegård. Dei vart kjærastar, gifta seg og flytta etter kvart til Kaldholen i Hareid. Dei fekk tre jenter: Eva i 1944, Ingunn i 1947 og Bente (1952-2015). Sistnemnde er ikkje med på bildet. Under krigen var Oddrun Kaldhol hushjelp på Giske, hos foreldra til Johan Giskeødegård. På nabogarden budde Fredrik Giskeødegård, og det enda med at dei vart kjærastar og etter kvart ektefolk. Dei etablerte seg i Kaldholen, på heimegarden til Oddrun, og tilliks med Ingborg og Johan fekk dei tre jenter: Sollaug i 1946, Jorunn i 1953 og Svanhild i 1957 (dei to sistnemnde er ikkje med på bildet). Fotoet er truleg frå 1952, teke ein fin sommardag i Kaldholen. Sollaug, som tok etternamnet Vatne då ho gifta seg, har gått ut av tida. Ho utdanna seg til lærar, og hadde sin første lærarpost på Nerlandsøya. Deretter flytta ho til Hareid og vart lærar ved Hareid skule. Men allereie rundt 35-årsalderen fekk ho diagnosen Parkinsons sjukdom og ho døydde i 2005. Ho har to born etter seg, Ruth-Marit og Fred-Olav, som begge er busette i Oslo. ANNE GRY EILERTSEN

Same etternamn, men ikkje i slekt