"Øyfolket- ein hyllest til portrettet og menneska":

Tam har ikkje angra ein dag på at ho fjerna eine auget

  Foto: Cecilie Hatloy

Feature

Chalakorn Haugstad, for nokre kanskje betre kjent som Tam, er født og oppvekst i Sakonnakhon, i Nordaust-Thailand. Tam var født i 1984, og ho har ein yngre bror, født i 1986. Skuleforløpet i Thailand er ikkje så ulikt det vi har her i Norge. Det som kanskje skil Thailand sine studentar meste frå norske studentar, er at det ikkje er vanleg å arbeide samtidig som man studera, slik mange gjer her i Norge. Så langt det er mogleg, betalar familien for utdanninga til barna, og det er forventa fullt fokus på utdanning, og mindre tid til jobb, venar, fest og moro. Tam studerte ved Suranaree University of Technology, der ho tok sin bachelor og master i ceramic engineering. Ho vart tildelt stipend frå Ministry of Science and Technology of Thailand, for å utvikle sin Master. Tam valde «Self-cleaning surface and nanotechnology» som sitt forskingsområde. Under tida på Universitetet jobba Tam mykje i Laboratorium, der ho også skreiv internasjonale vitskapelege artiklar.