17.-mai i Brandal: Koronaen sette ein stoppar for dei tradisjonelle 17,-maitoga rundt om i Noregs land. I Brandal vart barnetoget bytta ut med bilkortesje. Då må det litt på etterskot vere lov å vise fram eit 17.-maitog frå tidlegare tider. Årstalet er truleg 1948, og då er vi berre tre år frå frigjeringsåret mai 1945. Ingen kan vel vere i tvil om at det så kort tid etter fem år med okkupasjon kjendest ekstra meiningsfylt å feire 17.-mai. Fremst ser vi flaggberar Harald Liset, deretter Ole-Knut Brandal (f. 1940), Bodvar Brandal, ukjend, Svein Liavåg (f. 1942). Bak f.v. Albert Åsmo, Olav Bratli som ber fana til Losje Brandals Håp, skipa i 1896, og Odd Eiken med hatt. Bak Odd ser vi Hans Skarbakk, som ber fana til Brandal Songarlag. Vi ser mange i songarhue bakover i toget. Til høgre for Odd er Roger Brandal (f. 1939) og Aagot Arnestad i bunad bak han. Aagot var frå Gloppen i Sandane og kom til Brandal som ung lærar. Ho vart nokre år seinare gift med Bertel Landmark, og tok då etternamnet Landmark. Toget passerer her Vartdal-butikken (huset lengst til høgre), der Futesteinane står i dag, på veg tilbake til skulen. Det er Webjørn Landmark som har lånt ut bildet. ANNE GRY EILERTSEN

17.-mai i Brandal