Kortreist: Ein må ikkje langt vekk frå Ulsteinvik sentrum for å finne fine stiar for sykling. På veg ned frå Høgskjerva får ein strålande utsikt over både by og omland. Alle foto: Andreas Bjerknes.

Når nedturen er ein solid opptur

Det handlar om å finne flyten. Om å sjå hindringane. Registrere. Reagere. Senke eller auke farten og finne den beste linja i terrenget.