Inst i Snipsøyrdalen finn ein Kvammen, der garden til Marit Kvammen ligg. Gardshuset som Marit står ved på dette bildet, blir ikkje nytta av ho sjølv – men leigast ut via den nettbaserte utleigetenesta Airbnb. Berre i 2019 hadde Marit leigetakarar frå 14 forskjellige nasjonar. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

– Eg framsnakkar Hareid til alle som kjem hit

Sidan sommaren 2018 har Marit Kvammen (77) leigd ut det gamle gardshuset på eigedomen sin på Kvammen via den nettbaserte utleigetenesta Airbnb.