[ mat ]

Steikt kveite med blåbærsaus og kantarellar

KVEITE: Steikt kveite med blåbærsaus og kantarellar. Foto: Lauritzen og Westhammer, Noregs sjømatråd. 

Feature

Hausten er den fine tida som dannar overgangen frå sommar til vinter, temperaturen går ned, sola står lågare på himmelen og skuggane vert lange. Hausting frå hagen og naturen høyrer sjølvsagt med til denne årstida, og i år har det vore mykje både blåbær og sopp å finne i skogen.