Vi møter Nils Ola Strand:

Boka er ei takk til folk i Hjørungavåg

Livet blir ikkje alltid slik ein drøymer om. Det vart det i alle fall ikkje for Lilian Strand (f. Liavåg) då ho i 1964 braut opp frå eit vanskeleg ekteskap i Lier og flytta heim til foreldra i Hjørungavåg med tre små gutar. No har eldstesonen Nils Ola Strand skrive boka «Ulset, Hjørungavåg».

Ny bok: Nils Ola Strand med boka «Ulset, Hjørungavåg» som nyst er komen frå trykkeriet. Han hadde planlagt bokslepp på Hareid, men koronaen gjer at dette ikkje blir noko av no. Interesserte kan tinge boka hos han, eller kjøpe ho ved Ishavsmuseet Aarvak.   Foto: Tormod Flatebø, Fjordabladet.

Feature

- Heile bygda støtta oss. Boka er ei takk for måten bygdefolket tok imot oss i ein frykteleg sårbar periode, fortel Nils Ola.