Mannalivet og årstidene

Ho skreiv seg for Josefine Riise. I april 1917 avslører ho både pedagogisk klokskap og ei poetisk åre i eit skildrande innlegg om livet og årstidene i det handskrivne bladet ”Nyebrot”.

Holstadskulen: Josefine Riise var lærar ved barneskulen på Holstad i 1917. Dette bildet er henta frå Sunnmørsposten sin spalte «For noen tiår siden» og viser Josefine i lag med 2.-klassa dette året. I første rekke frå v.: Lars Holstad, Håkon Holstad, Sigurd Takseth, Egil Hareide og Karl Røyseth. 2. rekke fråv.: Dagny Korsnes, Olga Jakobsen, Aasta Grimstad, Jenny Teigen, Tordis Hareide, Svanhild Alvestad og Valborg Pettersen. Bak frå v.: Agnes J. Holstad, Signe Pettersen, Josefine Riise, Agnes J. Hareide, Agnes J. Holstad, Olaf Bigset og Leidulf Alvestad. 

Feature

”Nyebrot” var hareidslosjen ”Dag over Land” sin ”talarstol”, der medlemene kunne kome med synspunkt, dikt og liknande. Der var også vitsar.