Påskestemning: Påska 2021 var heller dårleg vêrmessig på Hareidlandet. Snøen kom ikkje før 1. påskedag, og dei fleste av oss meiner nok at det er så seint at det var betre om han ikkje kom. Men gutane på dette fotoet ser ut til å ha gode snøforhold. Bildet er frå 1964 eller -65, og gutane er André Gjerde (t.v.) og Ingolf Håkon Teigene. Dei var då 15 eller 16 år gamle, og gjekk opp frå Gjerde og vidare til Holstadhornet. Det var mindre skog då enn no, og det gjekk greitt å renne seg ned att til Gjerde. Nokre år seinare reiste André til Trondheim og studiar ved NTH - og etter at han var ferdig der, vart det først 2,5 år ved eit interkommunalt konsulentkontor i Sogn. I 1978 vart han tilsett som planleggar i Ulstein kommune, ei stilling han hadde fram til han pensjonerte seg i 2013. Men han er framleis sauebonde på småbruket Gjerde ovanfor Hareid sentrum. Ingolf Håkon Teigene (1949-2007) gjorde karriere som journalist i Oslo. Han har blant anna vore redaktør for Ny Tid, journalist i Dagbladet og NRK. Han var programleiar i Dagsrevyen, og leia ei rekke debattsendingar framfor politiske val. Han var også leiar for underhaldningsprogram som «Sommeråpent» og Innsamlingsaksjonen 1998. I 1999 fekk han Kringkastingsprisen for godt språk, og i 2006 fekk han NRKs språkpris. Nynorskforkjemparen døydde brått at hjartesvikt i juni 2007, medan han var på jobb i NRK Marienlyst. Fotoet er teke av Otto Per Gjerde, jamaldring og kompis med begge gutane, og også han var med på skituren til Holstadhornet.

Påskestemning