Som London-korrespondent for Dagens Næringsliv mellom 2011 og 2013 hadde Trond Sundnes Europa som dekningsområde. Her frå ein reportasjereise til Belgia i 2011 – då Belgia hadde vore utan regjering i over 400 dagar. Trond intervjua pensjonisten Paul Gourdinne. Foto: Jeff Gilbert.

Frå journalist i lokalavisa til mediekonsernsjef

Ulsteinvikaren Trond Sundnes er van med å gi seg i kast med utfordrande oppgåver. Det har han definitivt også gjort i sin nye jobb – som konsernsjef i NHST Media Group.