I 2016 starta Brynjulf Stige arbeidet med å lage sti frå Kvitneset til Flø. I løpet av sommaren skal han vere ferdig. Her står han på Kvitneset, med stien mot Buhammaren i bakgrunnen. Også strekket frå Kvitneset til Buhammaren er blitt utbetra, men største arbeidet har han hatt gjennom Skolmeura. Foto: Anne Gry Eilertsen.

Sti-opnar Stige

Brynjulf Stige (63) spelar på lag med hjorten når han legg stiar. Det største prosjektet hans, som han håper å bli ferdig med i løpet av sommaren, er ein gangbar sti frå Kvitneset til Flø.