På hyttetur i tretoppane

Er du ein av dei som drøymde om hytte i toppen av eit tre då du var liten? No kan barndomsdraumen bli verkeleg.

SUKSESS I TRETOPPANE: I Odda har dei to Woodnest-hyttene på kort tid vekt oppsikt langt ut over landegrensene.  Foto: Sindre Ellingsen

Feature

Dei siste åra har det dukka opp stadig fleire tretopphytter til leige rundt om i landet. Interessa for å besøkja dei har aldri vore større.