Ein moderne 134-åring

Under Nana Rise-Lynum (bildet) si redaktørleiing har Norsk barneblad mellom anna hatt spesialnummer om hjernen og om valet i USA, og snart kjem eit nummer om krypto-zoologi. For nokre månader sidan fekk bladet ein designpris, og stadig kjem det inn rosande ord frå kjende forfattarar.

KoKo i den svenske skjergarden: Nana Rise-Lynum har akkurat no nokre kombinerte ferie- og arbeisdagar på ei øy i den svenske skjergarden. KoKo-kjolen frå Herøy vart med på svensketur. Foto Aina Griffin. 

Feature

Det byrjar å bli nokre år sidan Nana trakka barneskorne sine i Hjørungavåg. Etter at russetida ved Ulstein vidaregåande skule var unnagjord i 1980, stakk ho til Frankrike, men tok etter kvart til fornuft og flytta til Oslo der ho studerte marknadsøkonomi og tok diplomeksamen. Etter stillingar i Bul, Heimen Husflid og Plateselskapet Heilo vart ho hyra inn i Det Norske Samlaget som marknadskonsulent og vart tatt under vengene av folk som Sverre Tusvik og Guri Vesaas.