Energibunten på Holstad

Han spelar golf, går i fjellet, syng i kor og har gjødselkjellaren, kubåsane og kontoret sitt stappfullt med gamle bøker. Og endå meir; i ein alder av snart 77 år har han sagt ja til å vere trenar for Hareid IL sitt A-lag.

Samlar: Kontoret til Hans Gisle Holstad ber preg av at han samlar på lokalhistoriske bøker, hefte og tonar. Foto Anne Gry Eilertsen 

Feature

Min første tanke då nyhendet kom, var at mannen må ha blitt litt gal. Men svaret er nok heller at han er ein energibunt.