Kjempar for koronapressa kollegaer

Før jul skreiv ulsteiningen Camilla Nesset eit lesarinnlegg om sjukepleiarane sine tilhøve – som har engasjert tusenvis. Håpet til Camilla, som har eit mål om å éin dag jobbe i Luftambulansetenesta, er at noko blir gjort for å betre situasjonen.

Stolt av uniformen: Camilla Nesset frå Hasund i Ulstein jobbar som sjukepleiar i Oslo. I desember skreiv ho eit innlegg om tilhøva dei tilsette i helsetenesta har hatt i snart to år med koronapandemi - og at noko no må skje i høve underbemanning og overbelastning.  Foto: Privat.

Feature

Då lokalavisa snakka med 26-åringen frå Hasund denne veka, hadde ho akkurat ein pause under ei vakt ved Oslo universitetssjukehus Ullevål, der ho jobbar på oppvakningsavdelinga.