(NPK): – Typiske skadar er flekker, brente hol og stoff som blir rive på spisse kantar. Vi ser også skadar etter brann eller ufrivillige opphald i sjø eller vatn, seier Irene Tørhaug frå Norsk Flid Husfliden i ei pressemelding.

– Andre skadar vi ser er møllskadar og fuktskadar etter feil oppbevaring, seier butikksjef Karin Hansen i Norske Bunader. Hansen meiner det kan vere lurt å forsikre bunaden sin særskilt, og får støtte frå Irene Tørhaug frå Norsk Flid Husfliden.

Ei innbuforsikring vil dekkje bunaden din så lenge han heng i skapet heime og ei reiseforsikring vil berre delvis dekke bunaden om du er på tur. Ei eiga bunadsforsikring kan visstnok dekkje alle typar bunadsskadar, tjuveri og gjeld over heile verda.

– Samtidig som du hentar fram bunaden før høgsesongen med konfirmasjonar, 17. mai, bryllaup og dåp, bør du sjekke kva forsikring du har, og om ho dekkjer bunaden din, oftast vil det vere ei verdigjenstandsforsikring, meiner Einar Brekken i Frende Forsikring.

Slik behandlar du bunaden din

– Luft bunaden godt etter bruk. Tørk av med ein fuktig klut viss det er overflateflekker på stakk eller vest.

– Lever bunaden til reins ved behov.

– Skjorta skal vaskast for hand. Bruk vaskemiddel som er spesielt laga for dette føremålet. Skyll skjorta 5–6 gonger etter vask.

– Får du ein flekk på ei kvit skjorte er blautlegging i iskaldt vatn i 24 timar eit undervurdert kjerringråd.

– Bunad og skjorte skal oppbevarast luftig og tørt i ein bomullspose.

– Putt cedertrekuler i klesskapet eller bunaden. Møll skyr lukta. Menneske kjenner inga lukt.

– Viss du skal reise med bunaden din, pakk han i ein bunadspose og ta han med som handbagasje. Dette gjeld også sølvet.

Kjelde: Norsk Flid Husfliden.