Tysdag heldt Henningsen inspirasjonsføredrag i lokala til Hareid Rør & Interiør. Der var det godt oppmøte, og interiørarkitekten tok dei frammøtte med på ei reise i forståinga av kvifor vi vel dei fargane vi gjer.

– Noko av det eg fortalde om under føredraget er at vi veit ein del ting om forbrukarane våre, og kva som interesserer dei. Det er det særs viktig å vite noko om. Så veit vi også ein del om korleis forbrukarane våre kjem til å leve i åra som kjem. Vi les mange rapportar om kvar folk vil reise, kva type mat ein vil ete og kva for økonomi folk får i året som kjem. Så oppsøkjer vi også fleire internasjonale messer, for å sjå kva som skjer ute i verda, seier Henningsen.

Ho fortel at fargeval og fargetrendar ikkje blir avgjort i ei handvending, men med bakgrunn i mange, mange faktorar. Det grøne skiftet og at folk blir meir opptekne av miljø har til dømes hatt mykje å seie.

– Vi blir til dømes meir og meir opptekne av plastproblematikken i dagens verdssamfunn. Alle tankane kring det grøne skiftet gjer noko med oss. Eg snakka også om dette med det stille, og det å kunne skru av litt frå kvardagen. Berre vere, her og no. Vi snakkar saman på ein annan måte enn før, og gjerne mindre enn vi gjorde. Mange er opptekne av å ta tilbake kontrollen over liva sine, få tilbake den gode samtalen og redde jorda vi lever på. Difor har vi for 2018 valt blått som årets farge, seier Tale Olivia Henningsen.

– Blått har fleire aspekt ved seg

Årets farge i 2016 og 2017 var ifølgje Fargerike rosa og raud. Rosa- og raudfargane er med også over i årets fargetrendar, men då meir som eit supplement til blåfargen.

– Oransje er også ein populær farge, som vi har valt å ta med vidare, fortel Henningsen.

Årsakene til at ho meiner blått er den viktigaste fargen i 2018, er altså fleire. Når fargen først var bestemt, gjekk mykje av arbeidet ut på å finne fram til dei rette variasjonane.

– Blått har fleire aspekt ved seg, som sagt. Vi i Fargerike har valt å gå for ein brei serie av blåfargar i år. Heilt ifrå den djupe, rolege, nattblå-fargen, som står for søvn, ro og kvile, til dei nesten litt melankolske mellomkulørane, til dei klarare og friskare by-blåfargane. I tillegg har vi dei tradisjonelle blåfargane. Vi har famna om fire aspekt ved blåfargen, sjølv om det sjølvsagt finnast fleire. Men éin stad må ein nesten setje ei grense, seier ho og smiler.

Tur og natur

Interiørarkitekten trekk også parallellar mellom turar i skog og mark og blåfargane.

– Om det er noko vi nordmenn er heilt spesielle på, så er det søndagsturane våre. For mange nordmenn er det å kome seg ut på tur i skog og mark heilagt. Her på Sunnmøre vil eg tru den kjensla er lett å kjenne seg igjen i. Vi er eit turgåande folk og vi er ikkje minst opptekne av hytteliv. Statistikkar viser at kvar tredje nordmann ønskjer seg ei hytte. Vi vil så gjerne kople av når vi kan kople av, og kva er vel betre enn å kome seg ut i naturen? Under ein blå himmel, eller ute ved det blå havet. Blått er ein roleg, avslappande farge, og det er ikkje utan grunn at vi meiner denne fargen vil bety mykje dette året, seier Tale Olivia Henningsen.

Eit fargeval er ikkje berre eit fargeval

Som Henningsen også påpeika under føredraget sitt, er det ikkje enkelt å sjå inn i spåkula, og på magisk vis kome fram til kva for farge som vil gjelde det komande året. Men om ho skal gjette kva 2019 vil bringe, tenkjer ho mykje på blått, men også jordfargar.

– I mange av eksempelbileta eg viste fram under føredraget ser ein at vi også har brukt mykje jordfargar. Det er mykje desse fargane som gjeld for tida, og som vil halde fram med å inspirere oss og andre aktørar, det er eg sikker på. Alle fargane som ein finn igjen i naturen er spanande fargar. Samstundes ser vi at eit fargeval ikkje berre er eit fargeval. Dei fargane vi som menneske vel er gjerne eit uttrykk for korleis vi kjenner oss, og kva vi tenkjer på. Det er fascinerande kor mykje psykologien spelar inn, seier Henningsen til slutt.

Det var mange som møtte fram for å få med seg nokre nyttige tips og råd om fargeval og fargetrendar, då Fargerike sin kreative leiar kom på besøk til Hareid Rør & Interiør. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
– Fargeval og fargetrendar er så mykje meir enn berre det å velje ein farge ein likar. Det ligg så mykje meir bak, seier interiørarkitekten. Her viser ho fram tre ulike blåfargar, frå det heilt lyse til det heilt mørke. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Som plakaten på veggen bak dagleg leiar for Hareid Rør & Interiør, Anne Karin Ulstein Holstad, og Tale Olivia Henningsen viser, er det fargen blå som gjeld i 2018. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.