Helgepizza for deg som er glad i kombinasjonen av søt frukt, smakfull ost og salt spekeskinke.

Denne kvite pizzaen vil du ikkje gå glipp av. Med langhelg og forhåpentlegvis fine dagar med sol i sikte, er det passande med noko friskt og annleis på matfatet.

I sommarhalvåret brukar eg ofte å blande inn både frukt og bær i dei salte rettane for å få frisk og lett smak. Det gir ein fantastisk god og spennande smakskombinasjon. På pizzaen kan du også velje å variere med steikt og usteikt spekeskinke. Dersom du har på skinka før steiking får du ei herleg sprø skinke som får fram den gode saltsmaken.

Ingrediensar til 2 stk. porsjonspizza:

Pizzadeig:

200 g durum kveitemjøl/ tipo 00 pizzamjøl

75 g kveitemjøl

15 g gjær

5 g salt

25 g olivenolje

160 g vatn

durum semolina-mjøl, til utbaking

Kvit saus:

1 dl crème fraÎche

1 stort fedd kvitløk, knust

1 ss fersk salvie, finhakka

salt & pepar

Pizzafyll:

1-2 nektarin, i tynne skiver

ca. 150 g brie, i skiver

50-60 g spekeskinke

½ rødløk, i tynne ringar

15 -20 g parmesan, riven

fersk salvie, til servering

grøn salat

nykverna svart pepar

Bland saman alle ingrediensane til pizzadeiga og elt godt i maskin i ca. 10 minutt. Juster eventuelt med meir vatn eller kveitemjøl. Når deiga er glatt og smidig legg du den til heving ein lun stad. Lat heve til dobbel storleik, ca. 1- 1 ½ time.

Forvarm ein pizzabakestein eller steikebrett i steikeomn på 240-250 ºC. Del den ferdigheva pizzadeiga i to emne. Strø litt semolina-mjøl på benken og trykk forsiktig ut deigemna til ovale sirklar. Bruk fingertuppane og strekk og form deiga utan å trykke ut all lufta, heilt til du får ein passe tynn botn på ca. ½ cm tjukkleik. Strø litt semolina-mjøl på den varme pizzasteinen i omnen og flytt pizzabotnen over på den og forsteik i ca. 5 minutt.

Rør saman ingrediensane til den kvite sausen og smør utover dei forsteikte pizzabotnane. Ha riven parmesan utover og fordel deretter nektarin, brie og rødløk utover pizzaane. No kan du også velje om du vil ha på spekeskinke før eller etter steiking. Set tilbake på pizzasteinen og lat steike i ca. 8-10 minutt, eller til pizzaen er gylden. Server med fersk salvie, nykverna pepar og gjerne litt salat.

Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt. OM SPALTIStEN: Mari-Lene Korsnes er for tida student i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeidar og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. - Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging. Foto: Privat