(NPK): Mange slurvar med å byte ut gasslangen som har blitt for gammal, og utset dermed både seg sjølv og andre for brann- og eksplosjonsfare.

– Gasslangar har avgrensa levetid, og må bytast ut med jamne mellomrom. Sterk sol og store temperaturendringar tærer på gummien, seier kommunikasjonsrådgivar Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If i ei pressemelding.

Produksjonsåret står tydeleg merka på slangen, slik at du skal vite kor gammal han er. Ein god regel er visstnok å byte slange kvart andre eller tredje år. Alle som startar grillsesongen, bør rutinemessig sjekke slangen og koplingar nøye for sprekkar og lekkasjar.

– Dei fleste brannar og eksplosjonar ved grilling skjer når ein person brukar ein grill som ikkje har vore brukt på ei stund, eller rett etter påfylling og feste av gassbehaldaren på grillen, seier Clementz.

Finn eventuelle lekkasjar ved å pensle konsentrert såpevatn på slangar og røyrsamband. Når du set på gassen, vil det danne seg såpebobler på lekkasjestaden.