Dei nynorske festespelsa set stemninga no i helga og i songen Nordmannen skildrar Ivar Aasen vårt forhold til fisk slik: «Han såg ut på det bårute havet, der var ruskut å leggja utpå; men der leikade fisk nedi kavet, og den leiken, den ville han sjå». No er det uvisst kva type fisk Aasen tenkte på, men eg vil tru det var sild, torsk og sei som «leika nedi kavet» og at det på hans tid ikkje var vanleg å ete breiflabb.

Breiflabb blei nemlig tidligare rekna som ufisk og kasta på havet igjen, men i dag er fisken rekna som ei delikatesse. Sjølv som fisken ser ut som eit uhyre på utsida, er fiskekjøtet kvitt med ypparleg fast konsistens og er velsmakande.

Breiflabb må lagast til med omhug, fordi dersom den steikast eller grillast den for lenge blir den seig. Det er mulig å kjøpe ferdig marinert breiflabbfilet i ferskvaredisken og då er det ikkje mange ingrediensar som skal til for å lage denne middagen. Retten er enkel og smakar utrulig saftig og godt, så denne kan du trygt invitere venner på besøk til ein sommarkveld!

Ingrediensar til 4 porsjonar

800 g breiflabbfilet

1 stk grøn squash

5 stk sjampinjong

1 stk raud paprika

MARINADE

2 fedd kvitlauk

1 ts estragon

1 frisk graslauk

½ dl frisk persille

1 stk sitron

1 dl olivenolje

1 ts salt

0.5 ts pepar

POTETSTAPPE

500 g potet

2 ss smør

2 dl mjølk

salt og pepar

FRAMGANGSMÅTE

Sett steikeomnen på 200 °C. Skjer fisken i serveringsstykke. Finhakk kvitlauk, estragon, graslauk og persille, og press safta av sitronen. Rør saman ingrediensane til marinaden, og la fisken ligge i marinaden i ca. 30 minutt. Skjer squash, sjampinjong og paprika i bitar, og legg dei i ei smurt eldfast form. Legg den marinerte fisken over og fordel marinaden over grønsakene og fisken. Steik forma i steikeomnen i ca. 20 minutt.

POTETSTAPPE

Skrell potet, skjer i terningar, og kok møre i usalta vatn. Mos potetene, og rør inn smør og mjølk til passe konsistens. Smak til med salt og pepar.

Server omnsbakt breiflabb med potetstappe. Pynt gjerne med litt graslauk dryssa over.

Kari Ryslett arbeider med Matkultur- og helse ved Høgskulen i Volda. Ho har brei erfaring gjennom yrke- og arbeidsliv med mat, helse og opplæring frå ulike perspektiv. I Vikebladet Vestposten vil ho dele sine beste sjømatoppskrifter med lesarane og ho håper dette kan vere til inspirasjon til å velje å ete meir fisk og sjømat både til kvardags og i helga. Foto: Karis Matblogg