Klagerekord hos Forbrukartilsynet:

Straumklager på toppen

Forbrukartilsynet fekk totalt 14. 661 tips og klager i fjor, noko som er ny rekord. Som tidlegare år klagar flest på straumrekninga.

Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.  Foto: Forbrukartilsynet.

Forbrukar

(NPK-NTB): Det kom inn heile 1.400 fleire førespurnader til tilsynet i fjor enn året før. Dei fleste klagene handlar om straum, telefonsal og villeiande marknadsføring. Det kom òg inn mange klager på internettenester, mobilbransjen og kredittmarknadsføring.

– Marknadsføring av straum irriterer framleis, men vi ser òg ein stor auke i klager på tenester folk har bestilt på internett, og der det til dømes er vanskeleg å komme seg ut av avtalen. Hovudregelen er at det skal vere like enkelt å komme seg ut av ein avtale som å inngå han, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet.

«Fiffige avtaler»

Også Forbrukarrådet, som la fram sin årsstatistikk førre veke, hadde ein auke i talet på straumklager i fjor.

Forbrukarrådet peikar på straumseljarar med «fiffige avtalar» som ei årsak til auken og viser til at seljarar ofte leverer avtalar «der straumen blir mykje dyrare enn kundane trur».

Mens Forbrukarrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som hjelper forbrukarar, er Forbrukartilsynet (tidlegare Forbrukarombodet) ei offentleg tilsynsstyresmakt som særleg arbeider for å førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og ulovlege former for handelspraksis.

Telefonsal er verstingen

Telefonsal er den marknadsføringsforma tilsynet fekk flest klagar på i fjor. Dei forbrukarane som har reservert seg mot telefonsal, klagar på at næringsdrivande ikkje respekterer reservasjonen.

– Vi fatta i fjor fleire forbodsvedtak og gav gebyr til selskap som har ringt forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal, og det vil vi fortsetje med i 2019, seier Haugseth.

Talet på tips til Forbrukartilsynet auka med 56,7 prosent i 2018, mot totalt 8.826 tips i 2017. Tilsynet blir særleg tipsa om spam og nettsvindel.

– Vi har sett ein stor auke i tips om uønskt spam. Nettsvindel og falske nettbutikkar er òg noko som veldig mange forbrukarar opplever problem med og seier frå til oss om, seier Haugseth.

Ho seier tilsynet vil auke innsatsen på desse områda i år.