No blir førarkortet digitalt

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Framstegspartiet).  Foto: Tor Livius Midtbø/Samferdselsdepartementet

Forbrukar

– No blir førarkortet digitalt. Det betyr at du ikkje lenger vil trenge å ha med deg det fysiske førarkortet når du berre skal køyre ein liten tur, som å hente i barnehagen eller køyre nokon til toget. Dette vil gjere kvardagen enklare for bilistane, samstundes som myndigheitene får meir oppdatert informasjon enn det fysiske førarkortet gir i dag, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i høve Vegdirektoratet sitt forslag om regelverksendringar.

Førarkortet på mobilen

I desse endringane, som no blir sendt på høyring, går det fram at Vegdirektoratet ønskjer å leggje til rette for nettopp digitale førarkort. Statens vegvesen har dei siste åra utvikla fleire digitale løysingar som gir auka fleksibilitet og tilgjenge for brukarane. Samstundes kan Statens vegvesen gjere dei viktigaste oppgåvene på ein meir effektiv måte. Ei digitalisering av førarkortet står altså for tur no.

– Det digitale førarkortet skal for nasjonal bruk vere eit fullverdig førarkort. Det betyr at det vil vere tilstrekkeleg å ha det liggande på mobilen – som dei fleste uansett alltid har med seg, seier Dale.

Det digitale førarkortet, som truleg vil vere tilgjengeleg via for eksempel mobiltelefon - frå og med hausten i år - vil vere eit frivilleg, gratis supplement til dagens fysiske førarkort. Det vil framleis eksistere fysiske førarkort, både til dei som får førarkort for første gong, og ved fornying. Og - det fysiske førarkortet må framleis takast med ved køyring i utlandet.