[ mat ]

Lune russiske pirogar med gravlaks

Ta dei med på tur eller nyt dei heime Pirogar er eit bakverk som er både allsidig og praktisk. 

Forbrukar

Noko av det mest spennande eg lærte på skulekjøkkenet i 1979 var å lage russiske pirogar. Det var kjevla gjærbakst med kål- eller kjøtdeigfyll. Små runde lefser med fyll vart bretta i to og forma til elegante halvmånar og med pyntekant av gaffelspor. Aldri hadde vi sett noko så vakkert, og det smakte skikkeleg godt! Det er hevda at det var faget heimkunnskap som lærte norske heimar å lage pirogar.