Her går det rundt for mange i Møre og Romsdal

Veit du kven som har vikeplikt?

Kven får skulda? Er det Bil A eller Bil B som får skulda for denne samanstøyten? 

Kven får skulda for denne samanstøyten?
Du må velge et alternativ

- Rundkøyringar er noko som engasjerer voldsomt, seier Arne Voll som er kommunikasjonssjef i Gjensidige. 

Forbrukar

Kvar tredje bilist i Møre og Romsdal er usikker på korleis ein skal oppføre seg i rundkøyringar.

- Rundkøyringar er noko som engasjerer voldsomt og er eit emne som er prega både av sterke meiningar og stor uvisse, seier Arne Voll som er kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Forsikringsselskapet syner i ei pressemelding til ei undersøkjing som Ipsos har gjort for Gjensidige. Her går det fram at 29 prosent av billistane i fylket på eitt eller fleire tidspunkt har kjent seg usikre i ei rundkøyring.

Voll trur at mykje av grunnen til dette ligg i at det finst så mange ulike typer rundkøyringar, både når det gjeld inn- og utkøyringar, oppmerking, talet på felt og så bortetter.

Det er ein ting som irriterar billistane ekstra mykje i samband med rundkøyringar, og det er at andre brukar blinklys feil eller ikkje i det hele tatt. Dette tykkjer 75 prosent av dei spurte er irriterande. At medtrafikantane held for høg fart inn i eller i sjølve rundkøyringa, vekkjer harme hos 51 prosent, medan billistar som utfører feil filskifte i rundkøyringa pådreg seg vreiden til 48 prosent av dei som deltok i undersøkjinga.

I følgje pressemeldina er Arne Voll glad for at mange gjev uttrykk for at dei er komfortable med reglane ved køyring i rundkøyringar, men har dei likevel rett?

- Erfaringane syner at mange overvurderer sine eigne kunnskapar og trur at dei kan reglane godt, men når alt kjem til alt er nok veldig mange usikre på korleis reglane faktisk er, trur han.

Gjensidige syner til at det skjer fleire tiltals ulukker i rundkøyringar kvar einaste dag, i tillegg til dei mange nestenulukkene der det heldigvis går bra.- Talet på rundkøyringar har auka kraftig dei siste åra og mange har fleire felt og fleire inn- og utkøyringar. Nokre rundkøyringar kan til og med ha tre til fire felt inn eller ut av rundkøyringa, noko som kompliserar det heile endå meir, seier Voll.

Klikk her for fasiten på kven som har vikeplikt.