Auka mest i Mix-kjeda i 2019:

Eventyrleg is-vekst for Mix Centrumskiosken

Det blei ei ekstra fin byrjing på det nye året for dei tilsette ved kiosken i Ulsteinvik sentrum.

Linn-Synøve Boasson Munkelien og dei andre tilsette ved Mix Centrumskiosken blei tildelt tittelen Iskremmer'n 2019 av Mix-kjeda.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Forbrukar

- Tenk at vi her i forblåste Ulsteinvik skulle klare noko sånt. Vi hadde rett nok mange fine dagar i fjor, men det var likevel ikkje forventa at vi skulle klare noko slikt som dette. Det er uansett utruleg kjekt at vi klarte det, og at vi fekk ein slik heider, seier dagleg leiar ved Mix Centrumskiosken, Janne Helen Holstad Ramstad.